Psalms 44NO2011NN

1Til korleiaren. Av Korah-songarane. Ein læresalme.

2Gud, vi har høyrt det med eigne øyre, våre fedrar har fortalt oss om gjerninga du gjorde i deira tid, i gamle dagar.

3Med di hand dreiv du folkeslag ut, men du planta våre fedrar; du fór ille med folka, men lét våre fedrar fara fritt.

4Dei tok ikkje landet ved sverd. Deira eigen arm gav ingen siger, det var di høgre hand og din arm og lyset frå ditt andlet, for du hadde dei kjær.

5Berre du er min konge og Gud, som byd at Jakob skal bergast.

6Ved deg støyter vi fienden ned, ved ditt namn trakkar vi på dei som står oss imot.

7For eg set ikkje mi lit til bogen, det er ikkje sverdet som bergar meg.

8Nei, du har frelst oss frå fienden, dei som hatar oss, gjorde du til skamme.

9Vi frydar oss alltid i Gud, vi prisar ditt namn til evig tid. Sela

10Likevel har du støytt oss bort og ført skam over oss, du drog ikkje ut med våre hærar.

11Du lét oss vika tilbake for fienden, dei som hata oss, rana til seg hærfang.

12Du har gjort oss til slaktefe og spreidd oss mellom folka.

13Du har selt ditt folk til spottpris, du tok ikkje stor betaling.

14Du har gjort oss til spott for våre grannar, til hån for dei som bur ikring oss.

15Du har gjort oss til eit ordtak mellom folka, du lèt folkeslag rista på hovudet av oss.

16Dagen lang er mi vanære framfor meg, andletet er dekt av skam

17under ropa frå dei som håner og spottar, ved synet av fienden og hemnaren.

18Alt dette har kome over oss endå vi ikkje har gløymt deg og ikkje svike di pakt.

19Vårt hjarte har ikkje vendt seg bort, våre steg har ikkje bøygd av frå din veg.

20Likevel har du knust oss der sjakalar bur, og lagt dødsskuggen over oss.

21Om vi gløymde vår Guds namn og lyfte våre hender til ein framand gud,

22så ville vel Gud ha funne det ut, han som kjenner dei løynde tankane i hjartet?

23Men for di skuld blir vi drepne dagen lang, vi blir rekna som slaktesauer.

24Reis deg! Kvifor søv du, Herre? Vakna, støyt oss ikkje bort for alltid!

25Kvifor løyner du ditt andlet, kvifor gløymer du vår naud og trengsle?

26Vi søkk ned i støvet, vi ligg pressa mot jorda.

27Reis deg og hjelp oss, fri oss ut i di miskunn!

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 2011 Det Norske Bibelselskap.

Choose Translation

Switch translation for Psalms 44.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.