1Gud, hjelp meg til min rett. Før mi sak mot trulause folk! Fri meg frå menneske som fer med svik og vondskap!
2For du er mitt vern, Gud. Kvifor har du støytt meg bort? Kvifor må eg gå og sørgja medan fienden plagar meg?
3Send ditt lys og di sanning, lat dei leia meg og føra meg til ditt heilage fjell, til dine bustader.
4Så kan eg gå til Guds altar, til Gud, mi glede og min jubel, og syngja din pris til lyra, Gud, min Gud.
5Kvifor er du sorgtyngd, mi sjel, kvifor er du uroleg? Eg vil venta på Gud! Endå ein gong skal eg prisa han, min frelsar og min Gud.