1Til korleiaren. Ein læresalme. Av Korah-songarane.
2Som hjorten lengtar etter bekker med vatn, lengtar mi sjel etter deg, min Gud.
3Mi sjel tørstar etter Gud, etter den levande Gud. Når skal eg få koma fram for Guds andlet?
4Tårer er mitt brød dag og natt. Dagen lang spør dei meg: «Kvar er din Gud?»
5Dette minnest eg, min lengsel vell fram: Til Guds hus vandra eg i festskaren med jubelrop og lovsong — ein pilegrimsskare i fest.
6Kvifor er du sorgtyngd, mi sjel, kvifor er du uroleg? Eg vil venta på Gud! Endå ein gong skal eg prisa han, min frelsar og min Gud.
7Eg er sorgtyngd, difor går min tanke til deg frå Jordan- og Hermonlandet, frå berget Misár.
8Djup ropar til djup når dine fossar durar. Alle dine bølgjer og brot slår over meg.
9HERREN sender si miskunn om dagen, songen hans er hos meg om natta, ei bøn til mitt livs Gud.
10Eg seier til Gud, mitt berg: «Kvifor har du gløymt meg, kvifor må eg gå og sørgja medan fienden plagar meg?»
11Mine fiendars hån går gjennom merg og bein. Dagen lang spør dei meg: «Kvar er din Gud?»
12Kvifor er du sorgtyngd, mi sjel, kvifor er du uroleg? Eg vil venta på Gud! Endå ein gong skal eg prisa han, min frelsar og min Gud.