Psalms 41NO2011NN

1Til korleiaren. Ein salme av David.

2Sæl er den som har omsorg for dei veike. På ulukkedagen friar HERREN han ut.

3HERREN vernar han og held han i live. lukkeleg er han i landet. Du overgjev han ikkje til grådige fiendar!

4HERREN styrkjer han i sjukdomen; du forvandlar leiet hans når han er sjuk.

5Men eg seier: «HERRE, ver meg nådig; læk meg, for eg har synda mot deg!»

6Fienden talar vondt om meg: «Når skal han døy og namnet hans gå til grunne?»

7Kjem det ein og ser til meg, talar han tomme ord. Hjartet hans samlar på det vonde, så går han ut og talar om det.

8Alle som hatar meg, kviskrar saman, dei legg vonde planar mot meg:

9«Noko vondt har råka han, no ligg han der og står aldri meir opp.»

10Jamvel venen min som eg leit på, han som åt ved mitt bord, lyfter hælen mot meg.

11Men du, HERRE, ver meg nådig og reis meg opp, så eg kan gje dei att.

12Når fienden ikkje får triumfera over meg, veit eg at du har di glede i meg.

13Fordi eg er heil, held du meg fast, du lèt meg alltid stå for ditt andlet.

14Velsigna er HERREN, Israels Gud, frå æve til æve! Amen! Ja, amen!

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 2011 Det Norske Bibelselskap.

Choose Translation

Switch translation for Psalms 41.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.