Psalms 39NO2011NN

1Til korleiaren. For Jedutun. Ein salme av David.

2Eg sa: «Eg vil vakta min veg så eg ikkje syndar med tunga, eg vil setja munnkorg på meg sjølv så lenge lovlause står framfor meg.»

3Eg vart mållaus og still, eg tagde til inga nytte. Mi smerte vart verre.

4Hjartet brann inni meg, elden flamma opp medan eg stønna. Eg sa med mi tunge:

5«HERRE, lær meg at eg skal døy, kor få og tilmålte mine dagar er, så eg kan skjøna at mitt liv tek slutt.»

6Sjå, ei handfull levedagar har du gjeve meg, mi levetid er som ingenting for deg, kvart menneske er eit pust. Sela

7Som skuggebilete går dei omkring. Fåfengt uroar dei seg. Dei samlar i hop, men veit ikkje kven som skal ha det.

8Men no, Herre, kva skal eg venta på? Berre til deg står mi von.

9Fri meg frå alle mine synder! Gjer meg ikkje til spott for dårar!

10Eg teier. Eg lèt ikkje opp munnen, for dette er ditt verk.

11Ta bort den plaga du la på meg! Eg går til grunne når du slår med di hand.

12Du refsar og straffar ein mann for hans synd, som møllen ét du det han har kjært. Mennesket er eit pust. Sela

13HERRE, høyr mi bøn og lytt til mitt rop, ver ikkje døv når eg græt! For eg er ein heimlaus hos deg, ein framand som alle mine fedrar.

14Vend blikket ifrå meg. Så lyser eg opp før eg går bort og ikkje er meir.

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 2011 Det Norske Bibelselskap.

Choose Translation

Switch translation for Psalms 39.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.