Psalms 38NO2011NN

1Ein salme av David. Til påminning.

2HERRE, refs meg ikkje i din vreide, straff meg ikkje i din harme!

3For dine piler har råka meg, di hand kviler tungt på meg.

4I kroppen er ingenting uskadd, for du er harm, ikkje eit bein er heilt, for eg har synda.

5Skulda veks meg over hovudet lik ei bør som er altfor tung.

6Eg har sår som luktar og renn av verk på grunn av min dårskap.

7Eg er kroket og nedbøygd, eg går og sørgjer dagen lang.

8Hoftene brenn av smerte, ingenting er friskt i mitt kjøt.

9Eg er kraftlaus og knust; eg skrik ut mitt hjartes klage.

10Herre, du kjenner min lengsel, mitt sukk er ikkje løynt for deg.

11Hjartet hamrar, krafta sviktar, sjølv lyset i auga har forlate meg.

12Vener og dei som står meg nær, held seg borte frå mi plage, mine næraste held seg langt unna.

13Dei som står meg etter livet, set snarer for meg. Dei som vil meg vondt, talar om å skada meg, dei grundar dagen lang på svik.

14Men eg er lik ein døv, eg høyrer ikkje, eg er lik ein mållaus som ikkje opnar munnen.

15Eg er lik ein mann som ikkje høyrer og ikkje har svar i sin munn.

16Men det er deg, HERRE, eg ventar på. Du vil svara meg, Herre, min Gud.

17Eg sa: Lat dei ikkje gleda seg over meg og ikkje briska seg når foten min er ustø.

18For eg held på å falla, mi smerte står alltid for meg.

19Ja, eg vedkjenner mi skuld og sørgjer over mi synd.

20Men fiendane lever og er sterke, dei som hatar meg utan grunn, er mange.

21Dei som løner godt med vondt, står meg imot fordi eg jagar etter det gode.

22HERRE, forlat meg ikkje! Min Gud, ver ikkje langt borte frå meg!

23Skund deg og hjelp meg, HERRE, mi frelse!

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 2011 Det Norske Bibelselskap.

Choose Translation

Switch translation for Psalms 38.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.