1Av David, då han bar seg som galen hos Abimelek, så han vart jaga bort og gjekk sin veg. Alef א
2Eg vil velsigna HERREN til alle tider, alltid lovsyngja han med min munn. Bet ב
3Eg er stolt over HERREN, lat dei hjelpelause høyra det og vera glade. Gimel ג
4Pris HERREN saman med meg, lat oss æra hans namn! Dalet ד
5Eg søkte HERREN, og han svara meg, frå alt som skremde, berga han meg. He ה
6Vend blikket mot han og strål av glede, så skal de aldri raudna av skam! Zajin ז
7Den hjelpelause ropa, og HERREN høyrde, han frelste han frå alle trengsler. Het ח
8HERRENS engel slår leir rundt dei som ottast han. Han friar dei ut. Tet ט
9Smak og sjå at HERREN er god! Sæl er den som søkjer tilflukt hos han. Jod י
10Frykt HERREN, de hans heilage! Dei som ottast han, lid inga naud. Kaf כ
11Unge løver lid naud og svelt; men dei som søkjer HERREN, manglar aldri det som godt er. Lamed ל
12Kom hit, born, høyr på meg! Eg vil læra dykk frykt for HERREN. Mem מ
13Er du ein som har glede av livet, som elskar å sjå gode dagar? Nun נ
14Hald då tunga borte frå det som er vondt, og leppene borte frå svikefull tale. Samek ס
15Vend deg bort frå det vonde og gjer det gode. Søk fred og jag etter han! Ajin ע
16HERRENS auge følgjer dei rettferdige, hans øyre høyrer deira rop. Pe פ
17HERRENS andlet er vendt mot dei som gjer det vonde, han skal utrydda minnet om dei frå jorda. Tsade צ
18Dei rettferdige ropar, og HERREN høyrer, han bergar dei ut or alle trengsler. Qof ק
19HERREN er nær hos dei som har eit sundbrote hjarte, han frelser dei som har ei knust ånd. Resj ר
20Mange ulukker rammar den rettferdige, men HERREN friar han ut av dei alle. Sjin ש
21Han tek vare på kvart bein i hans kropp, ikkje eitt av dei skal brytast. Taw ת
22Ulukke drep den lovlause, dei som hatar den rettferdige, blir straffa.
23Men HERREN bergar livet til sine tenarar, ingen som søkjer tilflukt hos han, blir straffa.