Psalms 35NO2011NN

1Av David. HERRE, strid mot dei som strider mot meg. Kjemp mot dei som kjempar mot meg!

2Grip rundskjold og langskjold, reis deg og hjelp meg!

3Ta spyd og stridsøks fram mot dei som jagar meg. Sei til meg: «Eg er di frelse!»

4Lat dei som står meg etter livet, bli til spott og skam. Lat dei som tenkjer ut vondt imot meg, dra seg attende med skam!

5Gjev dei må bli som agner for vinden når HERRENS engel støyter dei bort.

6Gjev deira veg blir mørk og glatt når HERRENS engel jagar dei.

7For utan grunn har dei spent ut sitt garn, utan grunn har dei grave ei fallgrav for meg.

8Måtte ulukka koma uventa over han. Måtte garnet han spente ut, fanga han sjølv. Måtte han falla i ulukke!

9Men eg skal jubla i HERREN og gleda meg over hans frelse.

10Kvart bein i kroppen skal seia: «HERRE, kven er som du, du bergar den hjelpelause frå den som er sterkare enn han, ein fattig stakkar frå den som ranar han.»

11Falske vitne reiser seg, dei spør meg om slikt eg ikkje veit.

12Dei løner godt med vondt, eg sit att åleine.

13Men eg kledde meg i sekkestrie då dei var sjuke. Eg plaga meg med faste og bad med hovudet bøygd

14som for ein ven eller bror. Lik ein som sørgjer over mor si, gjekk eg nedbøygd i svarte klede.

15Men når eg snåvar, blir dei glade og samlar seg. Dei samlar seg mot meg for å slå utan at eg veit om det, dei riv og slit utan stans.

16Ugudelege som dei er, spottar og håner dei, dei skjer tenner mot meg.

17Herre, kor lenge vil du sjå på? Berg mitt liv frå herjingane deira, det einaste eg har, frå løvene!

18Eg vil prisa deg i den store forsamlinga, i folkemengda vil eg lova deg.

19Lat ikkje mine svikefulle fiendar gleda seg over meg! Dei som hatar meg utan grunn, skal ikkje få senda meg hånlege blikk.

20For dei talar ikkje venleg, men tenkjer ut svikefulle planar mot dei stille i landet.

21Dei sperrar opp munnen imot meg og ler hånleg: «Vi har sett det med eigne auge!»

22Du ser det, HERRE. Tei ikkje! Herre, ver ikkje langt borte frå meg!

23Vakna og hjelp meg til min rett, min Gud og Herre, før mi sak!

24Døm meg etter di rettferd, HERRE, min Gud. Lat dei ikkje gleda seg over meg!

25Dei skal ikkje le og tenkja: «Som vi ønskte!» Dei skal ikkje seia: «Vi har slukt han.»

26Alle som gler seg over mi ulukke, skal bli til spott og skam. Dei som ser ned på meg, skal kle seg i skam og vanære.

27Dei som bryr seg om min rett, skal jubla og gleda seg. Alltid skal dei seia: «Stor er HERREN, som ønskjer fred for sin tenar.»

28Mi tunge skal forkynna di rettferd og lovprisa deg heile dagen.

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 2011 Det Norske Bibelselskap.

Choose Translation

Switch translation for Psalms 35.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.