1Rop av fryd for HERREN, de rettferdige! Det er rett at dei rettskafne syng lovsong.
2Pris HERREN til lyre, spel for han på tistrengja harpe!
3Syng ein ny song for han, spel vakkert og rop med jubel!
4For HERRENS ord er sant, alt han gjer, kan ein lita på.
5Han elskar rettferd og rett, jorda er full av HERRENS miskunn.
6Ved HERRENS ord vart himmelen skapt, heile himmelhæren ved pusten frå hans munn.
7Han samla havvatnet som i eit kar, la havsens djup i forråd.
8Heile verda må frykta HERREN, alle som bur på jorda, må skjelva for han.
9Han tala, og det skjedde, han baud, og det stod der.
10HERREN skiplar rådet folka legg, bryt planane folkeslag tenkjer ut.
11HERRENS råd står fast for alltid, hans hjartans planar frå slekt til slekt.
12Sælt er det folk som har HERREN til Gud, det folk han har valt til sin eigedom!
13HERREN skodar ned frå himmelen, han ser alle menneske.
14Frå sin bustad ser han ned på alle som bur på jorda.
15Han har forma deira hjarte, alle deira gjerningar kjenner han.
16Kongen blir ikkje redda av stor styrke, stridsmannen blir ikkje berga av stor kraft.
17Hesten gjev falske voner om hjelp, med sin store styrke bergar han ingen.
18Men HERRENS auge kviler på dei som fryktar han og ventar på hans miskunn,
19så han kan fria dei frå døden og halda dei i live gjennom hungersnaud.
20Vår sjel ventar på HERREN; han er vår hjelp og vårt skjold.
21Vårt hjarte gleder seg i han, vi set vår lit til hans heilage namn.
22Lat di miskunn vera over oss, HERRE! Det er deg vi ventar på.