Psalms 32NO2011NN

1Av David. Ein læresalme. Sæl er den som får sine brot tilgjevne og sine synder tildekte!

2Sælt er det mennesket som HERREN ikkje tilreknar skuld, som i si ånd er utan svik.

3Så lenge eg tagde, tærtest beina i kroppen bort medan eg stønna heile dagen.

4For dag og natt låg di hand tungt på meg. Mi livssaft svann som i heten om sommaren. Sela

5Då sanna eg mi synd for deg, og mi skuld dekte eg ikkje over. Eg sa: «Eg vil sanna mine brot for HERREN.» Og du tok bort mi syndeskuld. Sela

6Difor skal alle trugne be til deg i tider med trengsle. Om det kjem ein veldig flaum, skal vatnet ikkje nå dei.

7Du skjermar meg, du vernar meg mot naud, med frelsejubel omgjev du meg. Sela

8Eg vil gjera deg vis og læra deg den vegen du skal gå, eg vil la mitt auge kvila på deg og gje deg råd.

9Ver ikkje lik hest og muldyr, utan vit! Deira prydnad er taum og beksel til å tvinga dei med, elles kjem dei ikkje til deg.

10Den urettferdige har mange plager, men den som set si lit til HERREN, kransar han med miskunn.

11Gled dykk i HERREN og jubla, de rettferdige! Bryt ut i fagnadrop, alle de ærlege av hjartet!

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 2011 Det Norske Bibelselskap.

Choose Translation

Switch translation for Psalms 32.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.