1Ein salme av David då han rømde for Absalom, son sin.
2HERRE, kor talrike mine fiendar er! Mange reiser seg mot meg.
3Dei seier om meg: «Hos Gud er det inga frelse for han.» Sela
4Men du, HERRE, er eit skjold for meg, du er mi ære, du lyfter mitt hovud.
5Eg ropa høgt til HERREN, og han svara meg frå sitt heilage fjell. Sela
6Eg la meg ned og sovna, eg vakna, for HERREN held meg oppe.
7Eg er ikkje redd ti tusen som samlar seg mot meg på alle kantar.
8Reis deg, HERRE! Frels meg, min Gud! Du slår alle mine fiendar på kjeven og knuser tennene til dei lovlause.
9Frelsa er hos HERREN. Lat di signing kvila over ditt folk! Sela