1Kvifor er folkeslag i opprør? Kvifor grundar folka på det som er fåfengt?
2Kongane på jorda reiser seg, fyrstane slår seg saman mot HERREN og den han har salva.
3«Lat oss slita sund deira lenkjer og kasta reipa av oss!»
4Han ler, han som tronar i himmelen, Herren spottar dei.
5Så talar han til dei i sin vreide, i sin harme slår han dei med redsle:
6«Det er eg som har innsett min konge på Sion, mitt heilage fjell.»
7Eg vil kunngjera det HERREN har fastsett. Han sa til meg: «Du er son min, eg har fødd deg i dag.
8Be meg, så gjev eg deg folka som arv og heile jorda i eige.
9Du skal knusa dei med jernstav, som ei krukke frå pottemakaren skal du slå dei sund.»
10Kongar, ver forstandige! lat dykk refsa, de som styrer på jorda.
11Ten HERREN med ærefrykt, gled dykk og skjelv for han!
12Kyss jorda, så han ikkje blir harm og de går til grunne på vegen. For hans vreide kan lett flamma opp. Sæle er dei som søkjer tilflukt hos han.