Psalms 1NO2011NN

1Sæl er den som ikkje følgjer råd frå lovlause, ikkje går på syndarveg og ikkje sit i spottarlag,

2men har si glede i HERRENS lov og grundar på hans lov dag og natt.

3Han er lik eit tre planta ved rennande vatn. Det gjev frukt i rett tid, og lauvet visnar ikkje. Alt han gjer, skal lukkast.

4Slik er det ikkje med dei lovlause. Dei er lik agner som spreiest for vinden.

5Difor kan ingen skuldige bli ståande i dommen, ingen syndarar i flokken av rettferdige.

6For HERREN kjenner vegen dei rettferdige går, men vegen dei urettferdige går, fører vill.

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 2011 Det Norske Bibelselskap.

Choose Translation

Switch translation for Psalms 1.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.