Job 42NO2011NN

1Då svara Job HERREN og sa:

2Eg veit at du maktar alt. Ingen ting er umogleg for deg når du vil det.

3Kven løyner din plan med uforstand? For eg har tala utan å forstå om det som er så underfullt at eg ikkje fattar det.

4Så høyr på det eg no seier: Eg vil spørja deg, så kan du læra meg.

5Før hadde eg berre høyrt gjetord om deg. No har eg sett deg med eigne auge.

6Difor kallar eg alt tilbake og angrar i støv og oske.

7Etter at HERREN hadde sagt desse orda til Job, sa han til Elifas frå Teman: «Eg er brennande harm på deg og dei to venene dine; for de har ikkje tala rett om meg, slik som tenaren min, Job.

8Ta no sju oksar og sju vêrar, gå til tenaren min, Job, og ber dei fram som brennoffer for dykk sjølve. Job, tenaren min, skal be for dykk, og eg vil høyra bøna hans og ikkje gjengjelda dårskapen dykkar. De tala ikkje rett om meg, slik tenaren min, Job, gjorde.»

9Elifas frå Teman, Bildad frå Sjuah og Sofar frå Naama gjekk då av stad og gjorde som HERREN hadde sagt, og HERREN høyrde på Job.

10HERREN vende Jobs lagnad då han bad for venene sine, og lét han få dobbelt så mykje som han hadde hatt før.

11Alle brørne og systrene hans og dei som kjende han frå før, kom til han. Dei åt med han i huset hans, viste medkjensle og trøysta han for alt det vonde som HERREN hadde late koma over han. Kvar og ein gav han eit pengestykke og ein gullring.

12Og HERREN velsigna Jobs siste år meir enn dei første. Han fekk fjorten tusen sauer, seks tusen kamelar, tusen par oksar og tusen eselhopper.

13Han fekk sju søner og tre døtrer.

14Den eine dottera kalla han Jemima, den andre Kesia og den tredje Keren-Happuk.

15I heile landet fanst ikkje vakrare kvinner enn døtrene til Job; faren gav dei arverett saman med brørne.

16Etter dette levde Job i 140 år. Han fekk sjå born og barneborn i fire slektsledd.

17Så døydde Job, gammal og mett av dagar.

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 2011 Det Norske Bibelselskap.

Choose Translation

Switch translation for Job 42.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.