Psalms 4NO2011NN

1Til korleiaren. Med strengespel. Ein salme av David.

2Svar meg når eg ropar, du min rettferds Gud! Du viser meg ein veg ut av nauda. Ver meg nådig og høyr mi bøn!

3De menneske, kor lenge skal mi ære krenkjast? Kor lenge skal de elska det som er tomt og jaga etter løgn? Sela

4Vit at HERREN gjer under for den som er trufast mot han. HERREN høyrer når eg ropar til han.

5Skjelv for han og synd ikkje meir. Sei til dykk sjølve når de går til ro: «Ver stille!» Sela

6Ber fram rette offer og set dykkar lit til HERREN!

7Mange seier: Kven kan gje oss lukke? Lat lyset frå ditt andlet skina over oss, HERRE!

8Du gjev meg større glede i hjartet enn andre får av mengder med korn og vin.

9I fred vil eg leggja meg ned og sova. For du, HERRE, berre du lèt meg kvila trygt.

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 2011 Det Norske Bibelselskap.

Choose Translation

Switch translation for Psalms 4.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.