Psalms 24NO2011NN

1Ein salme av David. Jorda og det som fyller henne, høyrer HERREN til, verda og dei som bur der, er hans.

2For han har grunnlagt jorda på havet, grunnfest henne på strøymande vatn.

3«Kven kan gå opp på HERRENS fjell, kven får stå på hans heilage stad?»

4«Den som har skuldfrie hender og eit reint hjarte, som ikkje lengtar etter løgn og ikkje gjer falsk eid.

5Han blir velsigna av HERREN og får rettferd frå Gud, sin frelsar.»

6«Dette er ei slekt som spør etter han, som søkjer ditt andlet, Jakobs Gud.» Sela

7«Lyft dykkar hovud, de portar, ja, lyft dykk, de eldgamle dører, så kongen, den herlege, kan koma inn!»

8«Kven er då kongen, den herlege?» «HERREN, sterk og mektig, HERREN, mektig i strid.»

9«Lyft dykkar hovud, de portar, ja, lyft dykk, de eldgamle dører, så kongen, den herlege, kan koma inn!»

10«Kven er han då, kongen, den herlege?» «HERREN Sebaot, han er kongen, den herlege.» Sela

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 2011 Det Norske Bibelselskap.

Choose Translation

Switch translation for Psalms 24.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.