Psalms 23NO2011NN

1Ein salme av David. HERREN er min hyrding, eg manglar ikkje noko.

2Han lèt meg liggja i grøne enger, han fører meg til vatn der eg finn kvile.

3Han gjev meg nytt liv. Han leier meg på rettferds stigar for sitt namn skuld.

4Om eg så går i dødsskuggens dal, er eg ikkje redd for noko vondt. For du er med meg. Din kjepp og din stav, dei trøystar meg.

5Du dukar bord for meg framfor mine fiendar. Du salvar mitt hovud med olje. Mitt beger renn over.

6Berre godleik og miskunn skal følgja meg alle mine dagar, og eg skal bu i HERRENS hus gjennom alle tider.

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 2011 Det Norske Bibelselskap.

Choose Translation

Switch translation for Psalms 23.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.