Psalms 22NO2011NN

1Til korleiaren. Etter «Morgonròdens hind». Ein salme av David.

2Min Gud, min Gud, kvifor har du forlate meg? Kvifor er du så langt borte når eg treng hjelp og skrik ut mi naud?

3Min Gud, eg ropar om dagen, men du svarar ikkje, eg ropar om natta og finn ikkje ro.

4Men du er Den heilage, som tronar over Israels lovsong.

5Til deg sette fedrane si lit, dei leit på deg, og du fria dei ut.

6Dei ropa til deg og vart berga, dei leit på deg og vart ikkje til skamme.

7Men eg er ein makk og ikkje ein mann, spotta av menneske, forakta av folk.

8Alle som ser meg, håner meg, vrengjer leppene og rister på hovudet:

9«Han har gjeve seg over til HERREN, lat han fria han ut og berga han, han har då glede i han!»

10Du drog meg fram frå mors liv, du gjorde meg trygg ved hennar bryst.

11Frå eg vart fødd, er eg kasta på deg, frå mors liv er du min Gud.

12Ver ikkje langt borte frå meg, for trengsla er nær, og det finst ingen som hjelper.

13Store oksar samlar seg om meg, stutar frå Basan flokkar seg rundt meg.

14Dei spilar opp gapet mot meg lik ei løve som brøler og riv sund.

15Eg renn bort som vatn, alle mine bein har losna. Hjartet er som voks, det smeltar inni meg.

16Munnen er tørr som eit potteskar, tunga er klistra til ganen. Du legg meg ned i dødens støv.

17Hundar samlar seg om meg, ein flokk av valdsmenn kringset meg. Dei gjennomborar mine hender og føter.

18Kvart bein i kroppen kan eg telja. Dei stirer, dei ser på meg.

19Dei deler kleda mine mellom seg og kastar lodd om kappa.

20Men du, HERRE, ver ikkje langt borte; min styrke, skund deg og hjelp meg!

21Berg mitt liv frå sverdet, det einaste eg har, frå hundars vald!

22Redd meg frå løvegap! Du har berga meg frå villoksars horn.

23Eg vil fortelja mine brør om ditt namn. Midt i forsamlinga vil eg lovprisa deg.

24De som fryktar HERREN, lov han! Heile Jakobs ætt, gjev han ære! Ha age for han, heile Israels ætt!

25For han har ikkje forakta den som er hjelpelaus, og ikkje vendt ryggen til den som lid. Han løynde ikkje andletet, men høyrde då han ropa om hjelp.

26I den store forsamlinga kjem min lovsong frå deg. Mine lovnader vil eg halda mellom dei som fryktar han.

27Dei hjelpelause skal eta og bli mette, dei som søkjer HERREN, skal lova han. Måtte hjartet deira alltid leva!

28Heile jorda skal minnast dette og venda om til HERREN. Alle folk og slekter skal tilbe han.

29For kongeveldet høyrer HERREN til, han herskar over folka.

30Alle mektige på jord skal tilbe han, alle som stig ned i støvet, skal bøya kne for hans andlet. Men eg lever for han.

31Mi ætt skal tena han. Dei skal fortelja om Herren til komande slekter

32og kunngjera for eit folk som skal fødast, at han har vist si rettferd.

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 2011 Det Norske Bibelselskap.

Choose Translation

Switch translation for Psalms 22.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.