Psalms 21NO2011NN

1Til korleiaren. Ein salme av David.

2HERRE! Kongen gler seg over di makt. Høgt jublar han over di frelse.

3Det hans hjarte ønskte, har du gjeve han, du har ikkje nekta han det hans lepper bad om. Sela

4Du møter og velsignar han med det som godt er, og set ei krone av reint gull på hans hovud.

5Han bad deg om liv, du gav han levedagar som aldri tek slutt.

6Stor er hans ære, for du frelser han, høgd og herlegdom gjev du han.

7Frå deg får han evig velsigning, du fyller han med fryd når du er nær.

8For kongen set si lit til HERREN. Han vaklar ikkje, for Den høgste er trufast.

9Di hand skal nå alle dine fiendar, di høgre hand skal nå dei som hatar deg.

10Du gjer dei til ein logande omn når du syner deg. HERREN skal sluka dei i sin vreide og elden eta dei opp.

11Deira frukt skal du rydda ut frå jorda, deira ætt blant menneskeborna.

12Når dei legg vonde planar mot deg og tenkjer på svik, skal dei ikkje lukkast.

13Du får dei til å rømma, du spenner bogen mot dei.

14Ver opphøgd, HERRE, i di makt! Vi vil spela og syngja om dine storverk.

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 2011 Det Norske Bibelselskap.

Choose Translation

Switch translation for Psalms 21.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.