Bible

Connect

With Your Congregation Like Never Before

Try RisenMedia.io Today!

Click Here

Psalms 20

:
Norwegian - NO2011NN
1 Til korleiaren. Ein salme av David.
2 Måtte HERREN svara deg den dagen du er i naud! Måtte namnet til Jakobs Gud verna deg.
3 Måtte han senda hjelp frå heilagdomen og gje deg støtte frå Sion.
4 Måtte han minnast alle dine gåver og ta imot ditt brennoffer. Sela
5 Måtte han gje deg det hjartet ditt ønskjer, og oppfylla alle dine planar,
6 vi kan jubla over di frelse og lyfta banneret i vår Guds namn. Måtte HERREN oppfylla alle dine bøner!
7 No veit eg at HERREN bergar den han har salva. Han svarar han frå sin heilage himmel, gjer storverk og frelser med si høgre hand.
8 Somme lit vogner og somme hestar, vi lit namnet til HERREN vår Gud.
9 Dei sig i kne og fell, men vi reiser oss og held oss rake.
10 HERRE, frels! Måtte kongen svara oss den dagen vi ropar.