Psalms 19NO2011NN

1Til korleiaren. Ein salme av David.

2Himmelen kunngjer Guds ære, kvelven fortel om det hans hender har gjort.

3Dagen lèt sin tale strøyma til neste dag, natt gjev sin kunnskap til natt.

4Det er ikkje tale og ikkje ord. Stemmene kan ikkje høyrast.

5Men dei når ut over heile jorda, orda når dit verda endar. I himmelen har han reist eit telt for sola,

6lik ein brudgom går ho ut av sitt kammer. Ho gler seg som ein helt til å springa i sin bane.

7Ho gjer sin rundgang frå himmelrand til himmelrand, ingen ting er løynd for hennar glød.

8HERRENS lov er fullkomen, ho gjer livet nytt. HERRENS vitnemål står fast, det gjer den uvitande vis.

9HERRENS påbod er rette, dei gjer hjartet glad. HERRENS bod er klårt, det gjev auga lys.

10Frykta for HERREN er rein, ho varer til evig tid. HERRENS dommar er sanne, rettferdige er dei alle.

11Dei er meir verde enn gull, skinande gull i mengd, dei er søtare enn honning, ny og rennande honning.

12Gjennom dei får din tenar åtvaring. Det gjev stor løn å halda dei.

13Kven kjenner sine eigne feilsteg? Frikjenn meg for dei eg ikkje veit om.

14Spar din tenar for hovmod, lat det ikkje få meg i si makt! Då er eg heil og fri for store synder.

15Måtte orda frå min munn og tankane i mitt hjarte vera til glede for deg, HERRE, min utløysar og mitt berg!

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 2011 Det Norske Bibelselskap.

Choose Translation

Switch translation for Psalms 19.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.