1Til korleiaren. Av HERRENS tenar David, som sa fram orda i denne songen for HERREN då HERREN hadde berga han frå alle fiendane hans og frå Saul.
2Han sa: HERRE, du min styrke, eg har deg kjær.
3HERREN er mitt berg og mi borg og min utfriar, min Gud er fjellet der eg søkjer tilflukt. Han er mitt skjold og mi frelse, min styrke og mitt vern.
4Eg ropa til HERREN, han som får lovsong, og eg vart frelst frå mine fiendar.
5Dødens band snørte seg om meg, malstraumane skremde meg.
6Dødsrikets band vart spente om meg, dødens snarer venta meg.
7I mi naud kalla eg på HERREN, eg ropa til min Gud. Han høyrde meg frå sitt tempel, mitt rop nådde hans øyre.
8Då skalv og skaka jorda, grunnvollane under fjella riste, dei skalv fordi han var harm.
9Røyk steig opp or hans nase, øydande eld or hans munn, gneistar loga opp frå han.
10Han bøygde himmelen og steig ned, under føtene hans var mørke skyer.
11Han reid på kjeruben, han flaug og stupte ned på vindens venger.
12Han gjorde mørkret til si gøymsle, eit telt av svarte, regntunge skyer.
13Frå stråleglansen framfor han fór hagl, or skyene kom gloande kol.
14HERREN torna i himmelen, Den høgste lét røysta lyda. Hagl og gloande kol!
15Han skaut sine piler og spreidde dei, han skremde dei med lyn.
16Rennene på havbotnen kom til syne, grunnvollane under jorda viste seg då du truga, HERRE, då du fnyste av vreide.
17Han rette ut handa frå det høge og greip meg, drog meg opp or veldige vatn.
18Han berga meg frå min mektige fiende då dei som hata meg, var for sterke.
19På ulukkedagen kom dei imot meg, men HERREN var mi støtte.
20Han førte meg ut i ope land og fria meg ut, for han si har glede i meg.
21HERREN gav meg att for mi rettferd, han lønte meg, for mine hender var reine.
22Eg hadde halde meg til HERRENS vegar og ikkje gjort meg skuldig i urett mot min Gud.
23Alle hans lover hadde eg for auga, hans forskrifter støytte eg ikkje frå meg.
24For han var eg heil i mi ferd, eg akta meg vel for å synda.
25HERREN lønte meg for mi rettferd då han såg at hendene mine var reine.
26Du er trufast mot den som er tru og heilhjarta mot den som er heil.
27Du viser deg rein mot den som er rein, men vrang mot den som fer med svik.
28Du frelser eit folk i naud, men audmjukar stolte auge.
29HERRE, du tenner mi lampe, min Gud lyser opp mitt mørker.
30Med deg kan eg storma mot ein krigarflokk, med Guds hjelp kan eg springa over murar.
31Guds veg er fullkomen, HERRENS ord er reint. Han er eit skjold for alle som søkjer tilflukt hos han.
32For kven er Gud om ikkje HERREN, kven er eit berg om ikkje vår Gud,
33den Gud som kler meg i styrke og gjer mi ferd heil.
34Han gjev meg føter som ei hind og lèt meg stå på høgdene.
35Han lærer opp hendene mine til krig, armane spenner bogen av bronse.
36Du gjev meg di frelse til skjold, med di høgre hand stør du meg. Du bøyer deg ned og gjer meg stor.
37Du opnar veg for mine steg, anklane mine vaklar ikkje.
38Eg jagar mine fiendar og tek dei att, eg snur ikkje før eg har gjort ende på dei.
39Eg knuser dei så dei ikkje kan reisa seg, men ligg falne under mine føter.
40Du kler meg med styrke til krigen og tvingar mine motstandarar i kne.
41Du slår mine fiendar på flukt, eg utryddar dei som hatar meg.
42Dei ropar, men det er ingen frelsar, dei ropar til HERREN, men han svarar dei ikkje.
43Eg knuser dei til støv for vinden, eg trakkar dei ned som søle i gata.
44Du bergar meg frå folk i strid. Du set meg til hovding over folkeslag. Folk eg ikkje kjende, må tena meg.
45Dei lyder berre dei høyrer om meg. Framande kryp for meg.
46Dei framande visnar, skjelvande kjem dei ut or sine borger.
47HERREN lever! Velsigna er mitt berg! Opphøgd er Gud, min frelsar,
48Gud lèt meg få hemn, han legg folkeslag under meg.
49Han friar meg frå mine fiendar. Du lyfter meg over dei som står imot meg, og bergar meg frå valdsmenn.
50Difor vil eg prisa deg mellom folka, HERRE, og lovsyngja ditt namn.
51Han gjev sin konge store sigrar, han viser miskunn mot den han har salva, mot David og hans ætt til evig tid.