Psalms 17NO2011NN

1Ei bøn av David. Høyr, HERRE, lat mi rettferd tala, lytt til mi bøn, høyr når eg ropar, leppene mine er utan svik.

2Frå deg må retten min koma, dine auge ser jo kva som er rett!

3Prøv mitt hjarte, gransk det om natta, prøv meg med eld! Du finn ikkje noko skammeleg hos meg. Min munn syndar ikkje.

4Kva menneska enn gjorde, vakta eg meg for vegen valdsmenn går, etter ditt ord.

5Stødig gjekk eg i dine spor, føtene vakla ikkje.

6Gud, eg ropar til deg, du som svarar. Vend øyret til meg og høyr mine ord!

7Vis di underfulle miskunn! Du frelser dei som flyr frå fiendar og søkjer tilflukt ved di høgre hand.

8Vakta meg som din augnestein, gøym meg i skuggen av dine venger

9for lovlause som plyndrar meg, for dødsfiendar som kringset meg.

10Sitt harde hjarte har dei late att, med munnen talar dei hovmodige ord.

11No omringar dei oss kvar vi går, dei tenkjer å slå meg til jorda.

12Han liknar ei rovgrisk løve, ei ungløve som ligg på lur.

13Reis deg, HERRE! Gå imot han og tving han i kne! Fri meg frå den lovlause med ditt sverd,

14HERRE, fri meg frå menneske med di hand, frå menneske i verda som har fått si løn i livet. Fyll magen deira med det du har tiltenkt dei, så sønene blir mette og lèt resten gå til sine born!

15Men frikjend skal eg få sjå ditt andlet. Når eg vaknar, skal eg mettast ved synet av deg.

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 2011 Det Norske Bibelselskap.

Choose Translation

Switch translation for Psalms 17.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.