1Ein miktam. Av David. Verna meg, Gud, for eg søkjer tilflukt hos deg.
2Eg seier til HERREN: «Du er min Herre, alt godt har eg i deg.» Usle er dei
3ein held for heilage i landet. Desse veldige vil eg ikkje vita av.
4Dei som spring etter andre gudar, vil få mange plager. Eg vil ikkje renna ut blodoffer for dei og ikkje ha deira namn på mine lepper.
5HERRE, du er min del og mitt beger. Du held min lut i dine hender.
6Fruktbar jord vart målt opp til meg, ein herleg eigedom vart min.
7Eg velsignar HERREN, som leier meg, jamvel om natta får eg råd frå mitt indre.
8Alltid har eg HERREN framfor meg. Han er ved mi høgre side, eg skal ikkje vakla.
9Difor er det glede i mitt hjarte, og mitt inste jublar, jamvel kroppen kan slå seg til ro.
10Du gjev ikkje mi sjel over til dødsriket, du lèt ikkje din trufaste tenar sjå grava.
11Du lærer meg livsens veg, hos deg er glede i overflod, fagnad utan ende ved di høgre hand.