Psalms 15NO2011NN

1Ein salme av David. HERRE, kven kan halda til i ditt telt, kven får bu på ditt heilage fjell?

2Den som gjer rett og er heil i si ferd og talar sanning frå hjartet.

3Han svertar ingen med tunga, valdar ikkje nesten sin skade og fører ikkje vanære over sin granne.

4Han ser med forakt på den som er vraka. Han ærar dei som fryktar HERREN. Han bryt ikkje eiden han har svore, sjølv om det blir til det vonde for han sjølv.

5Han tek ikkje renter når han låner ut pengar. Han lèt seg ikkje kjøpa til skade for ein skuldfri. Den som lever slik, skal aldri vakla.

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 2011 Det Norske Bibelselskap.

Choose Translation

Switch translation for Psalms 15.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.