Psalms 14NO2011NN

1Til korleiaren. Av David. Dåren seier i sitt hjarte: «Det finst ingen Gud.» Vondt og avskyeleg er alt dei gjer, det finst ingen som gjer det gode.

2Frå himmelen ser HERREN ned til menneska for å sjå om det finst nokon som er vis, nokon som søkjer Gud.

3Alle har vendt seg bort, alle som ein er forderva. Det finst ingen som gjer det gode, ikkje ein einaste.

4Skjønar dei då ingen ting, alle dei som gjer urett? Dei et opp folket mitt som om dei et brød, og kallar ikkje på HERREN.

5Då skal dei råkast av redsle, for Gud er med den rettferdige slekta.

6Knus berre planen til den hjelpelause! For HERREN er hans tilflukt.

7Måtte frelse koma til Israel frå Sion! Når HERREN vender lagnaden for sitt folk, skal Jakob jubla og Israel gleda seg.

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 2011 Det Norske Bibelselskap.

Choose Translation

Switch translation for Psalms 14.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.