Psalms 25NO2011NN

1Av David. Alef א HERRE, eg lyfter mi sjel til deg. Bet ב

2Min Gud, til deg set eg mi lit. Lat meg ikkje bli til skamme, lat ikkje fienden fryda seg over meg! Gimel ג

3For ingen som set si von til deg, skal bli til skamme, til skamme blir dei trulause, med sine tomme hender. Dalet ד

4HERRE, lat meg kjenna dine vegar. Lær meg dine stigar! He ה

5Lat meg få vandra i di sanning, lær meg, for du er Gud, min frelsar! Til deg set eg alltid mi von. Zajin ז

6HERRE, kom i hug di miskunn og din kjærleik, som er frå evig tid. Het ח

7Kom ikkje i hug min ungdoms feilsteg og synder! Kom meg i hug i di miskunn, HERRE, for du er god. Tet ט

8HERREN er god og rettvis, difor viser han syndarar vegen. Jod י

9Han lèt dei hjelpelause ferdast rett og lærer dei sin veg. Kaf כ

10Alle HERRENS stigar er miskunn og truskap mot dei som held hans pakt og hans bod. Lamed ל

11For ditt namn skuld, HERRE, tilgjev mi synd, for ho er stor! Mem מ

12Kvar den som fryktar HERREN, lærer av han den veg han skal velja. Nun נ

13Sjølv skal han leva i lukke, og ætta hans skal arva landet. Samek ס

14HERREN talar fortruleg med dei som fryktar han, han gjer dei kjende med si pakt. Ajin ע

15Mine auge er alltid vende mot HERREN, for han dreg mine føter ut or garnet. Pe פ

16Vend deg til meg og ver meg nådig, for eg er einsam og hjelpelaus. Tsade צ

17Ta bort det som tyngjer mitt hjarte, før meg ut av mine trengsler!

18Sjå mi naud og mitt strev og tilgjev all mi synd! Resj ר

19Sjå mine fiendar, kor mange dei er! Dei hatar meg med eit nådelaust hat. Sjin ש

20Vern mitt liv og berg meg, lat meg ikkje bli til skamme, for eg søkjer tilflukt hos deg. Taw ת

21Lat uskuld og rettsinn verna meg, for eg set mi von til deg!

22Gud, fri Israel ut frå alle deira trengsler!

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 2011 Det Norske Bibelselskap.

Choose Translation

Switch translation for Psalms 25.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.