1Halleluja! Lovsyng HERREN frå himmelen, lov han i det høgste!
2Lov han, alle hans englar, lov han, heile hans hær!
3Lov han, sol og måne, lov han, alle lysande stjerner!
4Lov han, du høgste himmel, og vatnet over himmelen!
5Dei skal lova HERRENS namn, for han baud, og dei vart skapte.
6Han gav dei sin stad for alltid, fastsette ei ordning som ikkje forgår.
7Lovsyng HERREN frå jorda, store sjødyr og alle havdjup,
8eld og hagl, snø og skodd, stormvind som set hans ord i verk,
9fjell og alle haugar, frukttre og alle sedrar,
10ville dyr og alt fe, krypdyr og fuglar med venger,
11kongar på jorda og alle folk, stormenn og alle styresmenn på jord,
12unge menn og jenter, gamle folk og gutar!
13Dei skal lova HERRENS namn, berre hans namn er opphøgt. Hans herlegdom er over himmel og jord.
14Han har reist opp eit horn av kraft for sitt folk til ære for alle sine trugne, for Israel, folket som er han nær. Halleluja!