Bible

Focus

On Your Ministry and Not Your Media

Try RisenMedia.io Today!

Click Here

Psalms 149

:
Norwegian - NO2011NN
1 Halleluja! Syng ein ny song for HERREN, lovsyng han der dei trugne er samla.
2 Israel skal gleda seg over sin skapar, Sions søner jubla for sin konge!
3 Dei skal prisa hans namn med dans og spela for han med pauke og lyre.
4 For HERREN har hugnad i sitt folk, han kronar dei hjelpelause med siger.
5 Dei trugne skal jubla med ære og ropa av fagnad sitt leie.
6 Dei har lovsong til Gud i sin munn og tvieggja sverd i handa.
7 Dei vil ta hemn over folka og refsa folkeslag,
8 binda kongane deira med lenkjer og stormennene med jernband.
9 Dei skal halda dom over dei, som det står skrive, til ære for alle hans trugne. Halleluja!