1Halleluja! Det er godt å spela for vår Gud, det er herleg, det er rett å syngja lovsong.
2HERREN byggjer Jerusalem og samlar Israels spreidde folk.
3Han lækjer dei som har eit sundbrote hjarte, og bind om såra deira.
4Han veit kor mange stjernene er, og gjev alle namn.
5Vår Herre er stor og rik på kraft, hans forstand er utan grenser.
6HERREN held dei hjelpelause oppe, men bøyer dei urettferdige til jorda.
7Syng lovsong for HERREN, spel på lyre for vår Gud.
8Han dekkjer himmelen med skyer, syter for regn til jorda og lèt graset spira på fjella.
9Han gjev føde til dyra, til ramnungane som ropar.
10Han bryr seg ikkje om hestens kraft og gleder seg ikkje over mannens musklar.
11HERREN gleder seg over dei som fryktar han og ventar på hans miskunn.
12Syng HERRENS pris, Jerusalem, Sion, lovsyng din Gud!
13Han gjer portbommane dine sterke og velsignar borna i byen.
14Han gjev fred i landet, han mettar deg med det beste kveitekornet.
15Han sender sin bodskap til jorda, snøgt spring hans ord.
16Han lèt snøen falla som ull, han strør ut rim som oske.
17Han kastar hagl som smular, kven kan stå seg mot hans kulde?
18Så sender han sitt ord, og alt smeltar, han pustar, og vatnet strøymer.
19Han kunngjorde sitt ord for Jakob, sine forskrifter og lover for Israel.
20Slik gjorde han ikkje for noko anna folk, dei kjenner ikkje hans lover. Halleluja!