Psalms 146NO2011NN

1Halleluja! Lovsyng HERREN, mi sjel!

2Eg vil lovsyngja HERREN heile mitt liv, syngja og spela for min Gud så lenge eg er til.

3Stol ikkje på fyrstar, menneske som ikkje kan hjelpa.

4Dei andar ut og blir til jord att, den dagen fell planane i grus.

5Sæl er den som har Jakobs Gud til hjelpar og set si von til HERREN sin Gud.

6Han skapte himmel og jord, havet og alt som er i dei, han er trufast til evig tid.

7Han hjelper dei undertrykte til deira rett, han gjev mat til dei som svelt. HERREN set dei bundne fri.

8HERREN gjev dei blinde syn. HERREN reiser dei nedbøygde opp. HERREN elskar dei rettferdige.

9HERREN vernar innflyttarar. Han held enkjer og farlause oppe, men gjer vegen kroket for dei som gjer urett.

10HERREN er konge til evig tid, din Gud, Sion, frå slekt til slekt. Halleluja!

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 2011 Det Norske Bibelselskap.

Choose Translation

Switch translation for Psalms 146.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.