Bible

Focus

On Your Ministry and Not Your Media

Try RisenMedia.io Today!

Click Here

Psalms 143

:
Norwegian - NO2011NN
1 Ein salme av David. HERRE, høyr mi bøn, vend øyret til mitt rop om nåde! Svar meg, du som er trufast og rettferdig.
2 ikkje i rette med din tenar. For ingen som lever, er rettferdig for deg.
3 Fienden har jaga meg, slege meg til jorda. Han har sett meg i stummande mørker, lik dei som er døde for lenge sidan.
4 Livsånda slokna i meg, hjartet vart lamma av skrekk.
5 Eg kjem gamle dagar i hug, eg tenkjer heile ditt verk, grundar det dine hender har gjort.
6 Eg retter ut hendene mine til deg, lengtar etter deg lik tørstande jord. Sela
7 Skund deg og svar meg, HERRE, mi ånd går til grunne. Løyn ikkje andletet for meg, elles blir eg lik dei som går i grav.
8 Lat meg høyra om di miskunn om morgonen, eg set mi lit til deg! Lær meg den vegen eg skal gå, for eg lyfter mi sjel til deg.
9 Fri meg frå mine fiendar, HERRE! Hos deg søkjer eg ly.
10 Lær meg å gjera din vilje, for du er min Gud! Lat din gode Ande leia meg jamn grunn.
11 For ditt namn skuld, HERRE, hald meg i live! Du som er rettferdig, før meg ut av trengsla!
12 Du som viser miskunn, rydd ut mine fiendar og gjer ende alle som står imot meg! For eg er din tenar.