Psalms 142NO2011NN

1Ein læresalme av David, då han var i hòla. Ei bøn.

2Eg ropar høgt til HERREN. Eg bed til HERREN om nåde.

3Eg auser ut mi klage og fortel han om mi naud.

4Når ånda mi veiknar, kjenner du min stig. På vegen der eg går, set dei snarer.

5Vend blikket mot høgre og sjå: Ingen kjennest ved meg, eg har ikkje nokon stad å flykta, ingen bryr seg om meg.

6HERRE, eg ropar til deg. Eg seier: Du er mi tilflukt, min del i landet til dei levande.

7Høyr når eg ropar, for eg er fattig og hjelpelaus! Fri meg frå dei som jagar meg, dei er for sterke.

8Før meg ut av fengselet så eg kan prisa ditt namn! Dei rettferdige skal samla seg om meg, for du gjer godt mot meg.

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 2011 Det Norske Bibelselskap.

Choose Translation

Switch translation for Psalms 142.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.