Psalms 144NO2011NN

1Av David. Velsigna er HERREN, mitt berg, han som lærer opp hendene mine til strid og fingrane til krig.

2Han er mi miskunn, mi borg og mitt vern, han er min utfriar og mitt skjold. Eg søkjer tilflukt hos han, han legg folket mitt under meg!

3HERRE, kva er vel eit menneske, sidan du vil kjenna det, eit menneskebarn, sidan du tenkjer på det?

4Mennesket liknar ein pust, våre dagar er som ein flyktande skugge.

5HERRE, bøy din himmel og stig ned, rør ved fjella så det ryk av dei!

6Lat lynet blinka og sprei dei! Skyt pilene dine og skrem dei!

7Rett ut handa frå det høge, fri meg og berg meg frå veldige vatn, frå handa til framande.

8Med munnen talar dei tomme ord, med høgre handa opplyft sver dei falskt.

9Gud, eg vil syngja ein ny song og spela for deg på tistrengja harpe.

10Du gjev kongar siger og friar sin tenar David frå det vonde sverdet.

11Fri meg og berg meg frå handa til framande. Med munnen talar dei tomme ord, med høgre handa opplyft sver dei falskt.

12Alt som unge liknar sønene våre høgvaksne planter. Døtrene er som beresøyler skorne ut for eit palass.

13Då blir forrådskammera fulle, dei bognar av alle slag mat. Sauene våre ute i marka aukar til tusen, ja, mange tusen.

14Då blir kyrne våre feite. Ingen bryt ut, og ingen blir borte. Inga klage lyder på torga.

15Sælt er det folket som har det slik, sælt er det folket som har HERREN til Gud!

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 2011 Det Norske Bibelselskap.

Choose Translation

Switch translation for Psalms 144.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.