1Til korleiaren. Av David. Ein salme. HERRE, du ransakar meg og du veit —
2du veit om eg sit eller står, på lang avstand kjenner du mine tankar.
3Om eg går eller ligg, ser du det, du kjenner alle mine vegar.
4Før eg har eit ord på tunga, HERRE, kjenner du det fullt ut.
5Bakfrå og framanfrå omgjev du meg, du har lagt di hand på meg.
6Det er eit under eg ikkje skjønar, det er så høgt at eg ikkje kan fatta det.
7Kvar skulle eg gå frå din pust, kvar kunne eg rømma frå ditt andlet?
8Stig eg opp til himmelen, er du der, legg eg meg i dødsriket, er du der òg.
9Tek eg soloppgangens venger og slår meg ned der havet endar,
10då fører di hand meg jamvel der, di høgre hand held meg fast.
11Eg kan seia: «Lat mørkret løyna meg og lyset omkring meg bli natt.»
12Men mørkret er ikkje mørkt for deg, natta er lys som dagen, mørkret er som lyset.
13For du har skapt mine nyrer, du har vove meg i mors liv.
14Eg takkar deg for at eg er så underfullt laga. Underfulle er dine verk, det veit eg godt.
15Knoklane mine var ikkje skjulte for deg då eg vart laga i løynd og voven djupt i jorda.
16Auga dine såg meg då eg var eit foster. Alle dagar er skrivne opp i di bok, dei fekk form før éin av dei var komen.
17Dine tankar, Gud, er dyrebare for meg, summen av dei er ufatteleg!
18Tel eg dei, er dei tallause som sand, blir eg ferdig, er eg enno hos deg.
19Gud, om du ville drepa den lovlause, om drapsmennene veik frå meg!
20Dei talar svikefullt om deg, fiendane dine sver falskt.
21HERRE, eg hatar dei som hatar deg, og avskyr dei som står deg imot!
22Eg hatar dei med eit grenselaust hat, dei har vorte mine fiendar.
23Ransak meg, Gud, og kjenn mitt hjarte, prøv meg og kjenn mine tankar!
24Sjå om eg følgjer avgudsveg, og lei meg på den evige vegen!