1Av David. Eg vil takka deg av heile mitt hjarte, syngja og spela framfor gudar.
2Eg bøyer meg mot ditt heilage tempel, eg prisar ditt namn for di miskunn og din truskap. Du har gjort ditt namn og ditt ord større enn alt.
3Du svara meg den dagen eg ropa, du fylte meg med styrke.
4Alle kongar på jorda skal takka deg, HERRE, når dei høyrer orda frå din munn.
5Dei skal syngja om HERRENS vegar, for HERRENS herlegdom er stor.
6Høg er HERREN, men han ser den låge og kjenner den stolte på lang avstand.
7Går eg i trengsle, held du meg i live, du retter handa ut mot mine arge fiendar, di høgre hand bergar meg.
8HERREN skal gjera vel mot meg. HERRE, di miskunn varer evig. Svikt ikkje ditt verk!