1Ved elvane i Babel sat vi og gret når vi tenkte på Sion.
2Vi hengde lyrene opp i piletrea.
3Dei som tok oss til fange, bad oss om song, dei som bortførte oss, bad om glede: «Syng ein av Sions songar for oss!»
4Korleis kan vi syngja HERRENS songar på framand jord?
5Gløymer eg deg, Jerusalem, så lat mi høgre hand bli gløymd!
6Lat tunga klistra seg til ganen om eg ikkje tenkjer på deg, om eg ikkje set Jerusalem høgare enn mi største glede!
7HERRE, hugs Jerusalems dag då Edoms søner sa: «Riv ned! Riv ned til grunnen!»
8Du dotter Babel som er herja, sæl er den som gjev deg att for det du gjorde mot oss.
9Sæl er den som grip dine born og knuser dei mot berget!