Psalms 140NO2011NN

1Til korleiaren. Ein salme av David.

2Fri meg, HERRE, frå vonde menneske, vern meg mot valdsmenn,

3dei som tenkjer ut vonde planar i hjartet og dagleg eggjar til strid.

4Dei gjer tunga kvass som slangen, under leppene har dei ormegift. Sela

5Vakta meg, HERRE, for handa til lovlause, vern meg mot valdsmenn som vil setja krokfot.

6Dei stolte set snarer, attmed stigen spenner dei snorer og nett, dei set feller for meg. Sela

7Eg seier til HERREN: Du er min Gud, HERRE, vend øyret til mitt rop om nåde!

8GUD Herre, min sterke frelsar, du vernar hovudet mitt i kamp.

9HERRE, gjev ikkje dei urettferdige det dei ønskjer, lat ikkje planane deira lukkast! Sela

10Dei som samlar seg rundt meg, lyfter hovudet. Lat uretten dei har på leppene, dyngja dei ned!

11Lat gloande kol regna over dei, lat dei falla i djupe groper så dei ikkje reiser seg meir.

12Lat ikkje vonde tunger bli verande i landet. Lat ulukke jaga valdsmannen og slå han ned.

13Eg veit at HERREN fører sak for hjelpelause og skaper rett for fattige.

14Dei rettferdige prisar ditt namn, dei rettvise får bu hos deg.

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 2011 Det Norske Bibelselskap.

Choose Translation

Switch translation for Psalms 140.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.