1Ein song til festreisene. Dei som set si lit til HERREN, er som Sion-fjellet; det skal aldri rokkast, men stå til evig tid.
2Fjell omgjev Jerusalem, HERREN omgjev sitt folk frå no og til evig tid.
3Urettferdig kongsstav skal ikkje kvila over landet dei rettferdige arva, for då kunne den rettferdige lyfta handa til urett.
4HERRE, gjer godt mot dei gode, mot dei som har eit ærleg hjarte.
5Men HERREN sender frå seg dei som går krokvegar, og dei som gjer urett. Fred over Israel!