Psalms 126NO2011NN

1Ein song til festreisene. Då HERREN vende Sions lagnad, var det som ein draum for oss.

2Då fyltest vår munn med lått, vår tunge med jubel. Då sa dei mellom folka: «Stort er det som HERREN har gjort mot dei.»

3Ja, stort er det som HERREN gjorde mot oss, og vi vart glade.

4HERRE, vend vår lagnad som bekkene i Negev!

5Dei som sår med tårer, skal hausta med jubel.

6Gråtande går dei ut og ber sitt såkorn, med jubel kjem dei tilbake og ber sine kornband.

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 2011 Det Norske Bibelselskap.

Choose Translation

Switch translation for Psalms 126.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.