Psalms 124NO2011NN

1Ein song til festreisene. Av David. Hadde ikkje HERREN vore med oss, skal Israel seia,

2hadde ikkje HERREN vore med då menneske reiste seg mot oss,

3så hadde dei slukt oss levande då vreiden deira flamma opp,

4så hadde vatnet skylt over oss, flaumen hadde strøymt over oss,

5så hadde det veldige vatnet strøymt over oss.

6Velsigna er HERREN som ikkje gav oss til rov for deira tenner!

7Vi slapp fri som fuglen frå jegerens snare. Snara rauk, og vi slapp fri.

8Vår hjelp er i HERRENS namn, han som skapte himmel og jord.

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 2011 Det Norske Bibelselskap.

Choose Translation

Switch translation for Psalms 124.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.