1Til korleiaren. Av David. Ein salme. Eg lovsyng deg, Gud, tei ikkje!
2For lovlause og svikefulle opnar sin munn mot meg. Dei talar til meg med løgn på tunga,
3omringar meg med hatefulle ord og strider mot meg utan grunn.
4Elskar eg, svarar dei med klagemål. Likevel bed eg.
5Dei gjev meg vondt for godt, hat for kjærleik.
6Send ein lovlaus mot han, lat ein klagar stå fram ved hans høgre side!
7Lat han gå domfelt frå retten, lat hans bøn bli halden for synd!
8Lat hans dagar bli få og ein annan overta hans oppdrag!
9Lat borna hans bli farlause, kona hans bli enkje!
10Lat borna flakka omkring og tigga, gå tiggargang frå øydelagd heim.
11Lat ein långjevar ta alt han eig, framande plyndra frukta av hans strev.
12Lat ingen visa han miskunn eller visa nåde mot hans farlause born.
13Lat etterkomarane hans bli utrydda og namna strokne i neste slektsledd.
14Måtte HERREN minnast hans fedrars skuld, synda til mor hans må ikkje strykast ut.
15Måtte HERREN alltid ha dei for auga og utrydda minnet om dei frå jorda.
16For han tenkte aldri på å visa miskunn, men jaga dei hjelpelause, fattige og motlause for å drepa dei.
17Han elska å forbanna, lat forbanning koma over han! Han ville ikkje velsigna, lat velsigning flykta frå han!
18Han kledde seg i forbanning som kappe. Lat henne trengja inn i han som vatn, inn i knoklane som olje.
19Lat henne bli som kleda han tek på, som eit belte han alltid ber!
20Lat dette vera HERRENS løn til dei som klagar meg og talar vondt om meg.
21Du, GUD Herre, gjer slik med meg for ditt namn skuld. Di miskunn er god, berg meg!
22For eg er hjelpelaus og fattig, hjartet mitt er såra.
23Eg kverv som skuggane når dei blir lange mot kveld; eg blir rist av som ei grashoppe.
24Knea sviktar fordi eg fastar, eg blir mager, det er ikkje feitt på kroppen.
25Eg har vorte til spott, dei rister på hovudet når dei ser meg.
26Hjelp meg, HERRE, min Gud, frels meg i di miskunn
27så dei forstår at det kjem frå di hand, at du har gjort dette, HERRE!
28Dei forbannar, men du velsignar. Dei reiser seg, men blir til skamme. Din tenar skal gleda seg.
29Lat dei som klagar meg, kle seg i vanære og sveipa seg i skam som i ei kappe!
30Eg vil prisa HERREN med høg røyst, midt blant dei mange vil eg lovsyngja han.
31For han står ved den fattiges høgre side og hjelper han mot dei som dømmer.