1Av David. Ein salme. HERREN seier til min herre: «Set deg ved mi høgre hand til eg får lagt dine fiendar som skammel for dine føter!»
2Frå Sion retter HERREN ut ditt mektige septer. Du skal herska mellom dine fiendar!
3Folket ditt møter villig fram den dagen du viser di kraft. Din ungdoms dogg kjem til deg i heilag prakt, or morgonròdens fang.
4HERREN har svore og angrar det ikkje: «Du er prest til evig tid på Melkisedeks vis.»
5Herren er ved di høgre hand, han knuser kongar på sin vreidedag.
6Han held dom over folkeslag, det er fullt av lik, han knuser hovud vidt over jord.
7Han drikk av bekken ved vegen, difor lyfter han hovudet høgt.