Psalms 108NO2011NN

1Ein song. Ein salme av David.

2Mitt hjarte er roleg, Gud, eg vil syngja og spela av heile mi sjel.

3Vakna, harpe og lyre! Eg vil vekkja morgonròden.

4HERRE, eg vil prisa deg mellom folka, lovsyngja deg mellom folkeslag.

5For høgare enn himmelen er di miskunn, din truskap når til skyene.

6Vis deg høg over himmelen, Gud, vis din herlegdom over all jorda!

7Hjelp oss med di høgre hand, svar meg så dine kjære kan bli berga.

8Gud har tala i sin heilagdom: Med jubel vil eg dela ut Sikem, Sukkot-dalen vil eg måla opp.

9Mitt er Gilead, mitt er Manasse, Efraim er hjelmen på mitt hovud, Juda er min styrarstav.

10Men Moab er mitt vaskefat, på Edom kastar eg sandalen. Eg triumferer over Filistarland.

11Kven fører meg til festningsbyen, kven leier meg til Edom?

12Du har jo støytt oss bort, Gud, du drog ikkje ut med våre hærar.

13Støtt oss mot fienden! Hjelp frå menneske er ingenting verd.

14I Gud skal vi gjera storverk. Han skal trakka ned våre fiendar.

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 2011 Det Norske Bibelselskap.

Choose Translation

Switch translation for Psalms 108.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.