Psalms 107NO2011NN

1Pris HERREN, for han er god, evig varer hans miskunn.

2Dette skal HERRENS utløyste seia, dei som han løyste ut av nauda

3dei som han samla frå landa, frå aust og vest, frå nord og frå havet.

4Somme fór vill i ørken og øydemark, dei fann ikkje vegen til ein by der dei kunne bu.

5Dei var svoltne og tørste, kreftene vart borte.

6Då ropa dei til HERREN i si naud, og han fria dei ut av trengslene.

7Han førte dei på rett veg så dei kom til ein by der dei kunne bu.

8Dei skal prisa HERREN for hans miskunn, for hans undergjerningar mot mennesket.

9Han lét den tørste drikka, han metta den svoltne med gode gåver.

10Somme sat i mørker og dødsskugge, bundne i naud og jern,

11for dei hadde trassa Guds ord og forakta råd frå Den høgste.

12Hjartet deira vart kua av slit, dei snubla, det var ingen som hjelpte.

13Då ropa dei til HERREN i si naud, og han berga dei ut av trengslene.

14Han førte dei ut av mørker og dødsskugge og sleit sund lenkjene deira.

15Dei skal prisa HERREN for hans miskunn, for hans undergjerningar mot mennesket.

16Han knuste dører av bronse, bommar av jern hogg han sund.

17Somme vart dumme av sine feiltrinn, dei vart plaga for sine synder.

18Dei fekk avsky for alle slag mat og kom heilt til dødens portar.

19Då ropa dei til HERREN i si naud, og han berga dei ut av trengslene.

20Han sende sitt ord og lækte dei og fria dei frå grava.

21Dei skal prisa HERREN for hans miskunn, for hans undergjerningar mot mennesket.

22Dei skal slakta takkoffer og fortelja om hans gjerningar med jubel.

23Somme fór ut på havet med skip, dreiv handel på veldige vatn.

24Dei såg kva HERREN gjorde, hans undergjerningar ute på djupet.

25Han tala, og det bles opp til uvêr, bølgjene gjekk høge.

26Dei steig mot himmelen, dei sokk i djupet. Dei mista motet i nauda,

27dei tumla og rava som drukne, det dei kunne, var til inga nytte.

28Då ropa dei til HERREN i si naud, og han førte dei ut av trengslene.

29Han fekk stormen til å stilna, og bølgjene la seg.

30Då det stilna, vart dei glade. Han førte dei i hamn der dei ville.

31Dei skal prisa HERREN for hans miskunn, for hans undergjerningar mot mennesket.

32Dei skal opphøgja han når folket samlast, prisa han der dei eldste sit.

33Han gjorde elvar til ørken, vassrike kjelder til tørstande land

34og grøderik jord til salt, for dei som budde der, var vonde.

35Han gjorde ørken til innsjø, tørt land til vassrike kjelder.

36Der lét han dei svoltne slå seg ned, dei grunnla ein by der dei kunne bu.

37Dei sådde åkrane til og planta vinmarker som bar fram grøde dei kunne hausta.

38Han velsigna dei, og dei vart talrike, han lét dei ikkje mangla fe.

39Sidan vart dei få, dei vart tyngde ned av undertrykking, ulukke og sorg.

40Han auste forakt over stormenn og førte dei vill i veglause øyda,

41men lyfte dei fattige opp av nauda og gjorde deira slekter talrike som ein saueflokk.

42Dei rettvise ser det og gleder seg, all urett må lata att sin munn.

43Den som er vis, skal ta vare på dette og merka seg HERRENS miskunn.

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 2011 Det Norske Bibelselskap.

Choose Translation

Switch translation for Psalms 107.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.