1Halleluja! Takk HERREN, for han er god, evig varer hans miskunn.
2Kven kan nemna alle HERRENS storverk, fortelja om det herlege han har gjort?
3Sæle er dei som tek vare på retten og alltid fremjar rettferd.
4HERRE, kom meg i hug i din nåde mot folket ditt, kom til meg med di frelse.
5Då kan eg sjå kor godt det går dine utvalde, få del i gleda til folket ditt og prisa meg lukkeleg saman med dine.
6Vi har synda slik fedrane våre gjorde, vi har bore oss ille åt og gjort urett.
7Fedrane våre i Egypt tenkte ikkje på dine under, dei kom ikkje i hug di store miskunn. Ved sjøen var dei trassige, ved Sivsjøen.
8Men han frelste dei for sitt namn skuld så dei skulle kjenna hans kraft.
9Han truga Sivsjøen, og sjøen tørka inn, han førte dei gjennom djupet som gjennom ein ørken.
10Han frelste dei frå hatarhand, frå fiendehand fria han dei.
11Motstandarane vart dekte av vatnet, ingen kom frå det med livet.
12Då stola dei på hans ord og song lovsong for han.
13Snart gløymde dei det han hadde gjort, og venta ikkje meir på råd frå han.
14Dei vart griske og grådige i ørkenen, i øydemarka sette dei Gud på prøve.
15Då gav han dei det dei kravde, men sende sjukdom som tærte dei bort.
16Dei vart misunnelege på Moses i leiren og på Aron, HERRENS heilage.
17Jorda opna seg og slukte Datan, ho lukka seg over Abirams følgje.
18Då braut det ut eld blant dei, og logen brende opp dei skuldige.
19Ved Horeb laga dei ein kalv og bøygde seg for det støypte biletet.
20Dei bytte bort si ære mot eit bilete av ein okse som et gras.
21Dei gløymde Gud som frelste dei, som gjorde storverk i Egypt.
22Han gjorde under i Hams land og skremmande gjerningar ved Sivsjøen.
23Han sa at han ville rydda dei ut, men Moses, hans utvalde, la seg imellom og stagga hans øydeleggjande harme.
24Dei vraka det herlege landet og stola ikkje på hans ord.
25Dei murra i telta og høyrde ikkje på HERRENS røyst.
26Då lyfte han handa mot dei og svor å slå dei ned der i ørkenen,
27å spreia deira ætt mellom folka og strø dei ut i landa.
28Dei slutta seg til Baal-Peor og heldt offermåltid for døde.
29Dei gjorde han rasande med sine gjerningar, og pest braut ut imellom dei.
30Då stod Pinhas fram og felte dom, og pesten stansa.
31Han vart rekna som rettferdig frå slekt til slekt i alle tider.
32Dei gjorde han harm ved Meriba-kjelda, og Moses måtte lida for deira skuld.
33Dei gjorde han beisk så han tala utan å tenkja.
34Dei rydda ikkje ut folka slik HERREN hadde sagt,
35men blanda seg med andre folkeslag og lærte å gjera som dei.
36Dei dyrka gudebilete, det vart ei snare for dei.
37Dei ofra sine søner og døtrer til dei vonde åndene.
38Dei auste ut uskuldig blod, blodet av søner og døtrer som dei ofra til gudebileta i Kanaan. Og landet vart vanhelga av blodet.
39Dei vart ureine gjennom sine handlingar, med alt dei gjorde, dreiv dei hor.
40Då flamma HERRENS vreide opp mot folket, han hadde avsky for dei som høyrde han til.
41Han gav dei i hendene på andre folkeslag, dei som hata dei, vart deira herrar.
42Dei vart undertrykte av fiendar og måtte bøya seg under deira hand.
43Mange gonger fria han dei ut, likevel trassa dei han med sine planar og gjekk under i synd.
44Men han såg til dei i nauda då han høyrde dei ropa.
45Han kom i hug si pakt med dei og viste medynk i sin store kjærleik.
46Så lét han dei møta miskunn hos alle som heldt dei som fangar.
47Frels oss, HERRE, vår Gud, sank oss inn frå folka så vi kan prisa ditt heilage namn og uredde lovsyngja deg.
48Velsigna er HERREN, Israels Gud, frå æve til æve! Og heile folket skal seia: Amen! Halleluja!