Psalms 105NO2011NN

1Pris HERREN, kall på hans namn, gjer gjerningane hans kjende blant folka!

2Syng for han og spel for han, syng om alle hans under!

3Ver stolte over hans heilage namn! Gled dykk i hjartet, de som søkjer HERREN.

4Spør etter HERREN og hans makt, søk alltid hans andlet!

5Kom i hug det underfulle han har gjort, teikna hans og lovene frå hans munn,

6du ætt av Abraham, hans tenar, Jakobs søner, som han har valt ut.

7Han er HERREN vår Gud, lovene hans gjeld over heile jorda.

8Han kjem i hug si pakt til evig tid, ordet han gav, i tusen slektsledd,

9pakta han gjorde med Abraham, og eiden han svor til Isak.

10Dette sette han opp som ei forskrift for Jakob, som ei evig pakt for Israel.

11Han sa: «Eg gjev deg landet Kanaan til arv og eige.»

12Der var dei ein liten flokk, få og framande.

13Dei vandra frå folk til folk, frå det eine riket til det andre.

14Men han lét ingen få undertrykkja dei, han refsa kongar for deira skuld:

15«Rør ikkje dei som eg har salva, gjer ikkje vondt mot mine profetar!»

16Han kalla hungersnaud over landet og braut sund kvar brødstav.

17Han sende ein mann føre dei, Josef vart seld som slave.

18Dei tvinga føtene hans i lenkjer, jern vart lagt om halsen,

19heilt til det han sa, vart oppfylt og HERRENS ord gav han rett.

20Kongen sende bod og sette han fri, han som herska over folka, sleppte han laus.

21Han sette han til herre over sitt hus, til herskar over all sin eigedom.

22Han skulle rettleia kongens stormenn etter sin vilje og gje hans eldste sin visdom.

23Så kom Israel til Egypt, Jakob vart innflyttar i Hams land.

24Han gjorde folket sitt fruktbart, meir talrikt enn fienden.

25Han vende deira hug så dei hata hans folk og fór med svik mot hans tenarar.

26Han sende Moses, sin tenar, og Aron, som han hadde valt ut.

27Dei gjorde hans under mellom dei og teikn i Hams land.

28Han sende mørker, og det vart mørkt. Hadde dei ikkje trassa hans ord?

29Han gjorde vatnet til blod og drap fisken.

30Det krydde av frosk i landet, jamvel i kongens eigne rom.

31Då han gav bod, kom det lus og insekt i heile landet.

32Han gjorde regnet til hagl og sende flammande eld i landet.

33Han slo vinstokkane og fikentrea deira ned, han knuste kvart tre i landet.

34Då han gav bod, kom det grashopper og sirissar utan tal.

35Dei åt opp alt som voks i landet, dei åt opp grøda på marka.

36Gud slo alle førstefødde i landet, førstegrøda av deira kraft.

37Så førte han dei ut med sølv og gull, ingen i stammane hans snubla.

38Det var glede i Egypt då dei drog ut, landet var slege av redsle for dei.

39Han breidde ut ei sky til å dekkja dei og ein eld til å lysa om natta.

40Då dei bad, sende han vaktlar og metta dei med himmelbrød.

41Han opna berget, og vatnet strøymde fram, det rann som ei elv i det tørre landet.

42For han kom i hug sitt heilage ord til Abraham, sin tenar.

43Han lét folket sitt dra ut med glede, sine utvalde med jubelrop.

44Han gav dei land som andre folk eigde, dei overtok det andre hadde streva for,

45så dei skulle halda hans forskrifter og ta vare på hans lover. Halleluja!

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 2011 Det Norske Bibelselskap.

Choose Translation

Switch translation for Psalms 105.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.