Psalms 104NO2011NN

1Velsign HERREN, mi sjel! Stor er du, HERRE, min Gud! Du har kledd deg i høgd og herlegdom.

2Du sveiper lyset om deg som ei kappe, du spenner himmelen ut som ein teltduk.

3Han tømrar sine høge salar i vatnet. Han gjer skyer til si vogn og fer fram på vindens venger.

4Han gjer vindane til sine englar og logande eld til sine tenarar.

5Han grunnla jorda på hennar søyler, aldri i æve skal ho rokkast.

6Djupet dekte henne som ei kappe, vatnet stod over fjella.

7Då du truga, rømde det, det flykta for lyden av di tore,

8over fjell og ned i dalar, til staden du hadde fastsett.

9Du sette ei grense det ikkje går over, det skal aldri meir dekkja jorda.

10Du lèt kjelder strøyma fram i dalane så bekker renn mellom fjella.

11Dei gjev drikke til alle dyr på marka, ville esel får sløkkja tørsten.

12Der finn fuglane under himmelen bustad, dei syng mellom greinene.

13Han vatnar fjella frå sin høge sal. Jorda blir metta med frukta av di gjerning.

14Du lèt graset spira fram for feet og vokstrar til nytte for mennesket. Du lèt brødet koma frå jorda,

15vinen gjev mennesket glede. Du lèt andletet skina av olje, brødet gjev mennesket styrke.

16HERRENS tre får sløkkja tørsten, sedrane på Libanon, som han har planta.

17Der byggjer fuglane reir, i sypressen har storken sitt hus.

18Dei høge fjella har steinbukken fått, berga gjev grevlingen livd.

19Han skapte månen til å syna tidene, og sola, som veit når ho skal gå ned.

20Du sender mørker, og det blir natt. Då myldrar dei fram, alle dyr i skogen.

21Unge løver brøler etter rov, dei krev si føde frå Gud.

22Sola står opp, dei vender attende og legg seg i sine hòler.

23Då går mennesket ut til si gjerning og arbeider til kvelden kjem.

24HERRE, kor mange dine gjerningar er! Og alle har du gjort med visdom, jorda er full av det du ber fram.

25Her er havet, stort og vidt, med ein vrimmel av dyr, små og store, utan tal.

26Der stemner skipa fram, der er Leviatan, som du har skapt til å leika med.

27Alle ventar på deg, at du skal gje dei mat i rett tid.

28Du gjev, og dei sankar, du opnar handa, og dei blir metta med det gode.

29Du løyner andletet, og dei blir gripne av redsle, du tek livsanden frå dei, då døyr dei og blir til støv att.

30Du sender ut din Ande, og dei blir skapte, du gjer jorda ny.

31Måtte HERRENS ære vara evig og HERREN gleda seg over sine gjerningar!

32Han ser på jorda, og ho skjelv, han rører fjella, og dei står i røyk.

33Eg vil syngja for HERREN heile mitt liv, spela for min Gud så lenge eg er til.

34Måtte orda mine gjera han glad! Eg vil gleda meg i HERREN.

35Lat syndarane kverva frå jorda og ingen urettferdige finnast meir! Velsign HERREN, mi sjel! Halleluja!

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 2011 Det Norske Bibelselskap.

Choose Translation

Switch translation for Psalms 104.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.