Psalms 103NO2011NN

1Av David. Velsign HERREN, mi sjel! Alt som i meg er, velsign hans heilage namn.

2Velsign HERREN, mi sjel! Gløym ikkje alt det gode han gjer.

3Han tilgjev all di skuld og lækjer alle dine sjukdomar.

4Han friar ditt liv frå grava og kronar deg med miskunn og kjærleik.

5Han mettar ditt liv med det gode, du blir ung att som ørna.

6HERREN skaper rettferd, han lèt alle undertrykte få sin rett.

7Han kunngjorde sine vegar for Moses, sine gjerningar for Israels folk.

8Mild og nådig er HERREN, sein til vreide og rik på miskunn.

9Han kjem ikkje med klagemål for alltid og er ikkje for evig harm.

10Han gjer ikkje gjengjeld for våre synder, han løner oss ikkje etter vår skuld.

11Så høg som himmelen er over jorda, så veldig er hans miskunn over dei som fryktar han.

12Så langt som aust er frå vest, tek han syndene våre bort frå oss.

13Som ein far er mild med sine born, er HERREN mild med dei som fryktar han.

14For han veit korleis vi er skapte, han kjem i hug at vi er støv.

15Dagane mennesket får, er som gras, det blømer som blomen på marka.

16Når vinden fer over han, er han borte, staden han stod på, veit ikkje lenger av han.

17Men HERRENS miskunn er frå æve til æve over dei som fryktar han. Hans rettferd når til barneborn,

18til dei som held hans pakt og kjem i hug hans bod, så dei følgjer dei.

19HERREN har reist si trone i himmelen, han rår som konge over alt.

20Velsign HERREN, de hans englar, de sterke heltar som lydige set hans ord i verk.

21Velsign HERREN, alle hans hærar, de tenarar som set hans vilje i verk.

22Velsign HERREN, alle hans skapningar, overalt der han rår. Velsign HERREN, mi sjel!

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 2011 Det Norske Bibelselskap.

Choose Translation

Switch translation for Psalms 103.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.