1Ei bøn for den hjelpelause når han veiknar og vil ausa ut si klage for HERREN.
2HERRE, høyr mi bøn, lat mitt rop nå fram til deg!
3Løyn ikkje andletet når eg er i naud. Vend øyret til meg, skund deg, svar når eg ropar!
4For dagane mine kverv som røyk, knoklane brenn som eld.
5Hjartet er som gras, solsvidd og visna, eg har gløymt å eta mitt brød.
6Eg sukkar og stønnar, eg er berre skinn og bein.
7Eg liknar pelikanen i ørkenen, eg er som ei ugle blant ruinar.
8Eg ligg vaken, eg er som ein einsleg fugl på taket.
9Fienden spottar meg heile dagen. Dei som gjer narr av meg, bruker namnet mitt til forbanning.
10Eg et oske som brød og blandar drikken min med tårer,
11for du er harm og vreid på meg. Du tok meg og kasta meg bort.
12Dagane mine er på hell, skuggane blir lange, eg visnar bort som gras.
13Men du, HERRE, tronar til evig tid, namnet ditt varer frå slekt til slekt.
14Du vil reisa deg og vera mild mot Sion, det er tid for å visa henne nåde, timen er komen.
15Tenarane dine elskar steinane i Sion, dei lid med henne som ligg i grus.
16Folkeslag skal frykta HERRENS namn, alle kongane på jorda din herlegdom.
17For HERREN vil byggja opp att Sion og syna seg i sin herlegdom.
18Han lyttar når den nakne bed, han foraktar ikkje deira bøn.
19Dette skal skrivast ned for den komande slekt, eit nyskapt folk skal prisa HERREN.
20Han ser ned frå si heilage høgd. Frå himmelen ser HERREN mot jorda
21for å høyra sukket frå fangane, løysa dei som var dømde til døden.
22HERRENS namn skal forkynnast i Sion, hans lov og pris i Jerusalem
23når folk og kongerike samlar seg for å tena HERREN.
24Han har brote ned min styrke på vegen og forkorta livet mitt.
25Eg seier: Min Gud, ta meg ikkje bort midt i livet! Dine år varer i slekt etter slekt.
26Du grunnla jorda i gammal tid, himmelen er eit verk av dine hender.
27Dei skal gå til grunne, men du blir verande. Dei blir slitne ut som klede, du skifter dei ut, og dei er borte.
28Men du er den same, åra dine tek aldri slutt.
29Borna til tenarane dine skal slå seg til ro, deira ætt skal vera grunnfest for ditt andlet.